Eg er lærar på Rud skole i Rælingen. Her er eg kontaktlærar på 5.trinn. Eg bur i Lillestrøm og trivest med det :) Det står ein del om kva eg har vore med på på bloggen til ole.. ojrosten

laurdag 2. mai 2009

Klassebloggen

Eg og mine to gode kollega på 5.trinn prøvar og lage ein blogg for 5.trinn på Rud skule. Ditte blir ei side der me legg ut innformasjon om veka som kjem, og ein link til vekeplanen for den aktuelle veka.
Der er også ei side som inneheld bilder frå aktivitetar som klassene er med på.
Håpar nokon tek turen innom klassebloggen vår.

Endre

fredag 24. april 2009

Praksisforteljing

Photostory – ei praksisforteljing av
Endre Rotevatn

Bakgrunn for oppgåva:Denne oppgåva er gitt av nettverksleiaren i Lærende nettverk IKT. Praksisforteljinga skal synleggjere og dokumentere erfaringar. Målet er å vekkje refleksjon over praksis hjå lesaren, samstundes som vi sjølv aukar vårt medvit om vår personlege kunnskap.

Før timane:
I løpet av det siste året har vi jobba ein del med å finne informasjon på nettet. Vi søkjer etter emne og tema som vi bruker i undervisninga. Det er mest i faget norsk vi har brukt Internett til informasjon søk. Eit anna tema vi har jobba ein del med er Photostory. Eg vil kombinere dei nemnde tema. Elevane skal sjølve finne et emne dei vil lage ein Photostory om. Elevane står relativt fritt til å finne emne sjølv. Eg har tipset dei om nokon emne som er enkle å nytte, ein hobby, ein person vi ser opp til, eit dikt, ein by vi liker, eller andre ting som dei har lyst til å jobbe med. Eg må sjølvsagt godkjenne valet før elevane kan byrje å arbeide. Ein annan ting eg ser naudsynt er at elevane må lage et mål-dokument. Dette skal vise meg kva og korleis elevane tenkjer dei vil jobbe med emne. Det vil også vere til hjelp for elevane når dei skal jobbe vidare med emnet dei har valt.
Skulen har berbare datamaskiner som vi skal bruke når vi jobbar med prosjektet. Elevane har lært seg rutinar for å hente og sette attende datamaskinane etter vi er ferdige med å bruke dei. Når vi har jobba med dette har vi vore i tredelt gruppe, det vil si at vi var 18 elevar og meg som lærar.

Gjennomføring av undervisningsopplegget:
Første økt:

Det fyrste vi gjorde var å hente datamaskinane til klasserommet. Etter dette starta eg opp med informasjon om prosjektet og Photostory. Eg skulle gå gjennom kva som var målet med prosjektet. Elevane skulle finne seg eit tema som de ville ha på sin Photostory. Elevane skulle lage et mål-dokument der dei forklarar kva dei skal jobbe med og korleis dei vil jobbe med dette. Det vart sett opp krav som elevane skulle ha med. To av krava var at det skulle seiast noko inn på eit av bileta og at det skulle vere tekst på minst to av bileta. Mål-dokumentet skal bli eit arbeidsdokument som skal vere til hjelp for elevane i det vidare arbeidet. Det skal innehalde: Kva handlar min Photostory om? Kva skal eg seie og kva skal stå på bileta? Kvar har eg funne informasjonen og bileta eg vel å jobbe med? Når elevane skulle jobbe med mål-dokumentet ser eg i ettertid at det var nokon som ikkje klarte og la vere å hive seg over programmet med ein gong. Mange av elevane var bestemt på at dei ville bruke programmet før de var ferdige med sitt mål-dokument.

Materiale med opphavsrett:
Vi prata litt om det med materiale som har opphavsrett, eg trur det var vanskeleg for dei å forstå at ein ikkje berre kan hente eller laste ned det bilete ein tykkjer vil høve frå nettet. Det var ei kort økt med dette, så dette må vi komme attende til ved eit seinare høve. Til slutt laga alle elevane ei mappe, med eit fornuftig namn, som vi skal leggje bileta som vi skal bruke til Photostoryen seinare.

Kva gjekk bra:
Elevane var flinke til å hente datamaskinane. Dette har vi jobba inn gode rutinar for. Det var mange som fekk bra taket på mål-dokumentet. Dei jobba bra med det og eg ser at det blir eit godt verktøy til vidare arbeid.

Kva kunne gått betre:
Nokon av elevane kunne kunne brukt litt meir tid på sjølve mål-dokumentet. Fleire hadde det alt for travelt med å komme i gong med Photostory-programmet. Men slik er det berre.... : )
Eg kunne nok valt å ikkje henta opp datamaskinane og før eg hadde teke føre meg teoridelen og dermed fått eit betre fokus mot innleiinga eg hadde. Då trur eg elevane hadde hatt eit større utbytte av informasjonen om mål-dokument og teoridelen med opphavsbeskytta materiale og krav til Photostoryen.

Til neste gong:
Elevane fekk beskjed om at dei kan ta med musikk og bilete som dei vil bruke heimafrå. Dei som vil kan lagre dei på ein lagringskvist og vi kan laste over til datamaskinane neste gong.

Andre økt:
Vi henta datamaskinane som før, men elevane fekk ikkje høve til å logge på før informasjonen eg skulle gi og gjennomgangen av funksjonane i Photostory var gjort. Elevane starta opp med å laste ned eit bilete og testa ut funksjonane til programmet. Det var nokon som var urolege og hadde særs lyst til å gå i gong med arbeide med sin eigen Photostory.
Etterpå jobba elevane seg ferdig med mål-dokumentet som dei hadde laget og var klar til å starte søk etter eige emne.
Nokon elevar hadde med egne bilete og musikk som dei ville nytte til sin Photostory. Det gjekk veldig greitt å laste det over på elevane sitt område.

Kva gjekk bra?
Det var ein høveleg ro i gruppa når eg gjekk gjennom teori og funksjonane til Photostory. Elevane var flinke til å utforske dei ulike funksjonane i programmet. Eg trur at grunnen til at det vart betre denne gongen var at eg bestemte at elevene ikkje skulle ha framme datamaskinane når eg gjekk gjennom teori og funksjonar.

Kva ville eg gjort annleis?
Denne timen gjekk veldig bra, eg har ikkje noko som eg ser kunne gjort denne timen betre. Sjølvsagt kan eg seie at elevane kunne hatt litt betre tolmod med å komme i gong med eigen Photostory. Men eg veit ikkje korleis eg skulle fått til noko slikt.

Tredje økt:
Vi henta datamaskinane, elevane fekk ein kort informasjon om kva dagen skulle nyttast til. Etter dette gjekk vi i gong med å hente informasjon og bilete til Photostory.
Dette var ei økt der elevane jobba med eige opplegg utifrå sitt mål-dokument. Eg tykkjer elevane var flinke og dei jobba særs godt.

Kva gjekk bra?
Elevane var flinke til å jobbe. Det var mange som kom seg eit langt stykke vidare. Fleire av elevane nærmar seg no avslutninga av prosjektet sitt. Eg trur det gjekk bra denne gongen fordi elevane var motivert og hadde kunnskap om funksjonane til programmet.

Kva ville eg gjort annleis?
Vel, ingen ting som eg kjem på. Denne økta var god og elevane jobba godt.

Fjerde og siste økt:
Elevane skulle gjere seg heilt ferdig med Phtostoryen som dei er godt på veg med. Dette gjekk bra og dei aller fleste blei ferdige. Det var nokon som hadde problem med det datatekniske. Men det gjekk bra.

Framsyning:
Elevane skal vise arbeidet sitt til resten av klassa og vi tar ein liten samtale rundt dei ulike emna.

Vedlegg: undervisningsopplegg
Som pdf

torsdag 19. februar 2009

Tankar frå Bett 09

På Bett 09 var det mykje spanande, både sjå og høyre. Det var særs spanande med besøk på skular for å sjå korleis dei brukar tavler i undervisninga der borte.
Men det som verkeleg traff meg, var It's Learning sine framtidsplanar og komande program. Sidan vi brukar It's Learning på Rud skule var det moro å sjå kva moglegheiter som kjem med nye utgåver av programmet. Det er blitt sagt at vi får ny utgåve (eg håpar verkeleg det kjem) før april. Det som er nytt og spanande er moglegheita for å gjere sider for dei yngste personlege. Det vert høve for å bruke ulike tema, for eksempel fotball eller pirat. Eg har trua på at dette vil gjere det spanande for dei yngste elevane når dei skal bruke sida. Moglegheita til å leggje ut oppgåver og informasjon til elevane er sjølvsagt til stades.
Noko av det som eg synest er mest interessant er at det vert større moglegheiter til å lage oppgåver og prøver som elevane skal kunne ta. Desse er sjølvrettande. Det gjer det dermed greitt å halde oversikta over kven som treng meir oppgåver for å forstå eit tema. Det er fleire typar oppgåver i den nye versjonen. Her kan ein gjere det meir variert og spanande for elevane. Det skal verte enklare å leggje inn bilete i oppgåvene.
Eit anna spanande nyhende er at det vert mogleg med lyd- og videoopptak. Dette har eg ikkje sett mykje av og heller ikkje prøvd sjølv, men det ser no i alle fall moro ut :)
Eg tykkjer med andre ord at dette ser særdeles spanande ut og gledajar meg til det kjem og vert klart til bruk :)
Dersom nokon tykkjer dette ser moro ut, er det mogleg å fylgje linken til heimesida til It's Learning og prøve ut sjølve eller, sjå demonstrasjonsvideoen som ligg ute.

søndag 25. januar 2009

England og BETT

Då er det ei veke sidan eg og reseten av gjengen på Rud kom attende frå London.
Me var der i høve BETTshow i lag med ILS på UIO.
Dette var ei særs triveleg veke der me både var på BETT, les meir på: bettshow.com, og fleire skulebesøk i og rundt byen. Det var mykje å lære og mykje å ta med heim for vidare utforsking.
Dersom nokon vil ha ein detaljert oversikt over kva dagane gjekk med til, har Ole laga ei flott oversikt på sin blogg, ojrosten.com, her er det mykje å lese og mange fine bileter. VELDIG BRA OLE!!! :)
I høve turen skal eg skrive noko om ei hending som eg synes var særdeles triveleg og kva eg og andre kan lære frå den. Denne kjem i løpet av eit par dagar...
Takk for turen til alle som var med, de var alle med på å gjere London utrygt og til ei framifrå oppleving....

torsdag 9. oktober 2008

Trådlaust nettverk?


Då ser det ut som vi på Rud er nær ei løysing med tanke på det trådlause nettet vårt. Det er noko vi alle har sett fram til leeeenge : )
Men det kan nok drage litt ut framleis...
Det er ikkje på alle rom det er bra og heller ikkje kvar dag eg har
kontakt med mine nettverksstadar eller katalogar!
men men, den som ventar på noko triveleg,
ventar aldri forgjeves ; )

Eg har framleis god von :)

måndag 22. september 2008

Photo story

Eg har planar om å late elevane lage ein photostory med eigne bilete.
Bileta kan vere henta frå turar som trinnet har vore på, eller bilete som elevane har laga sjølve i kunst og handverk-timane.
Dersom elevane vel eit eller fleire bilete som dei har laga sjølve vil eg at elevane skal skrive eit dikt om biletet eller dei og lese inn. Dersom elevane finn høveleg musikk kan dei gjerne bruke det til bakgrunn og lese over.
Eit alternativ kan kanskje vere om nokon vil lage ei historie og lese inn til bilete som dei finn på nettet. Dette har eg ikkje planar om førebels, men eg har det i bakhovudet : )

Dersom nokon har gjort liknande før, tek eg gjerne i mot tips og råd.

torsdag 18. september 2008

Tilbake

Då er eg tilbake.
Skulen har byrja på att og me i lns er komne i gong med jobbing i nettverket.
Me har fått nytt oppdrag, lage eit opplegg for trinnet med tanke på faget eg har valgt.
I år tenkjer eg at eg vil prøve meg på PHOTOSTORY...
Meir kjem....