På Bett 09 var det mykje spanande, både sjå og høyre. Det var særs spanande med besøk på skular for å sjå korleis dei brukar tavler i undervisninga der borte.
Men det som verkeleg traff meg, var It's Learning sine framtidsplanar og komande program. Sidan vi brukar It's Learning på Rud skule var det moro å sjå kva moglegheiter som kjem med nye utgåver av programmet. Det er blitt sagt at vi får ny utgåve (eg håpar verkeleg det kjem) før april. Det som er nytt og spanande er moglegheita for å gjere sider for dei yngste personlege. Det vert høve for å bruke ulike tema, for eksempel fotball eller pirat. Eg har trua på at dette vil gjere det spanande for dei yngste elevane når dei skal bruke sida. Moglegheita til å leggje ut oppgåver og informasjon til elevane er sjølvsagt til stades.
Noko av det som eg synest er mest interessant er at det vert større moglegheiter til å lage oppgåver og prøver som elevane skal kunne ta. Desse er sjølvrettande. Det gjer det dermed greitt å halde oversikta over kven som treng meir oppgåver for å forstå eit tema. Det er fleire typar oppgåver i den nye versjonen. Her kan ein gjere det meir variert og spanande for elevane. Det skal verte enklare å leggje inn bilete i oppgåvene.
Eit anna spanande nyhende er at det vert mogleg med lyd- og videoopptak. Dette har eg ikkje sett mykje av og heller ikkje prøvd sjølv, men det ser no i alle fall moro ut :)
Eg tykkjer med andre ord at dette ser særdeles spanande ut og gledajar meg til det kjem og vert klart til bruk :)
Dersom nokon tykkjer dette ser moro ut, er det mogleg å fylgje linken til heimesida til It's Learning og prøve ut sjølve eller, sjå demonstrasjonsvideoen som ligg ute.
- enro
- Eg er lærar på Rud skole i Rælingen. Her er eg kontaktlærar på 5.trinn. Eg bur i Lillestrøm og trivest med det :) Det står ein del om kva eg har vore med på på bloggen til ole.. ojrosten