Photostory – ei praksisforteljing av
Endre Rotevatn
Bakgrunn for oppgåva:Denne oppgåva er gitt av nettverksleiaren i Lærende nettverk IKT. Praksisforteljinga skal synleggjere og dokumentere erfaringar. Målet er å vekkje refleksjon over praksis hjå lesaren, samstundes som vi sjølv aukar vårt medvit om vår personlege kunnskap.
Før timane:
I løpet av det siste året har vi jobba ein del med å finne informasjon på nettet. Vi søkjer etter emne og tema som vi bruker i undervisninga. Det er mest i faget norsk vi har brukt Internett til informasjon søk. Eit anna tema vi har jobba ein del med er Photostory. Eg vil kombinere dei nemnde tema. Elevane skal sjølve finne et emne dei vil lage ein Photostory om. Elevane står relativt fritt til å finne emne sjølv. Eg har tipset dei om nokon emne som er enkle å nytte, ein hobby, ein person vi ser opp til, eit dikt, ein by vi liker, eller andre ting som dei har lyst til å jobbe med. Eg må sjølvsagt godkjenne valet før elevane kan byrje å arbeide. Ein annan ting eg ser naudsynt er at elevane må lage et mål-dokument. Dette skal vise meg kva og korleis elevane tenkjer dei vil jobbe med emne. Det vil også vere til hjelp for elevane når dei skal jobbe vidare med emnet dei har valt.
Skulen har berbare datamaskiner som vi skal bruke når vi jobbar med prosjektet. Elevane har lært seg rutinar for å hente og sette attende datamaskinane etter vi er ferdige med å bruke dei. Når vi har jobba med dette har vi vore i tredelt gruppe, det vil si at vi var 18 elevar og meg som lærar.
Gjennomføring av undervisningsopplegget:
Første økt:
Det fyrste vi gjorde var å hente datamaskinane til klasserommet. Etter dette starta eg opp med informasjon om prosjektet og Photostory. Eg skulle gå gjennom kva som var målet med prosjektet. Elevane skulle finne seg eit tema som de ville ha på sin Photostory. Elevane skulle lage et mål-dokument der dei forklarar kva dei skal jobbe med og korleis dei vil jobbe med dette. Det vart sett opp krav som elevane skulle ha med. To av krava var at det skulle seiast noko inn på eit av bileta og at det skulle vere tekst på minst to av bileta. Mål-dokumentet skal bli eit arbeidsdokument som skal vere til hjelp for elevane i det vidare arbeidet. Det skal innehalde: Kva handlar min Photostory om? Kva skal eg seie og kva skal stå på bileta? Kvar har eg funne informasjonen og bileta eg vel å jobbe med? Når elevane skulle jobbe med mål-dokumentet ser eg i ettertid at det var nokon som ikkje klarte og la vere å hive seg over programmet med ein gong. Mange av elevane var bestemt på at dei ville bruke programmet før de var ferdige med sitt mål-dokument.
Materiale med opphavsrett:
Vi prata litt om det med materiale som har opphavsrett, eg trur det var vanskeleg for dei å forstå at ein ikkje berre kan hente eller laste ned det bilete ein tykkjer vil høve frå nettet. Det var ei kort økt med dette, så dette må vi komme attende til ved eit seinare høve. Til slutt laga alle elevane ei mappe, med eit fornuftig namn, som vi skal leggje bileta som vi skal bruke til Photostoryen seinare.
Kva gjekk bra:
Elevane var flinke til å hente datamaskinane. Dette har vi jobba inn gode rutinar for. Det var mange som fekk bra taket på mål-dokumentet. Dei jobba bra med det og eg ser at det blir eit godt verktøy til vidare arbeid.
Kva kunne gått betre:
Nokon av elevane kunne kunne brukt litt meir tid på sjølve mål-dokumentet. Fleire hadde det alt for travelt med å komme i gong med Photostory-programmet. Men slik er det berre.... : )
Eg kunne nok valt å ikkje henta opp datamaskinane og før eg hadde teke føre meg teoridelen og dermed fått eit betre fokus mot innleiinga eg hadde. Då trur eg elevane hadde hatt eit større utbytte av informasjonen om mål-dokument og teoridelen med opphavsbeskytta materiale og krav til Photostoryen.
Til neste gong:
Elevane fekk beskjed om at dei kan ta med musikk og bilete som dei vil bruke heimafrå. Dei som vil kan lagre dei på ein lagringskvist og vi kan laste over til datamaskinane neste gong.
Andre økt:
Vi henta datamaskinane som før, men elevane fekk ikkje høve til å logge på før informasjonen eg skulle gi og gjennomgangen av funksjonane i Photostory var gjort. Elevane starta opp med å laste ned eit bilete og testa ut funksjonane til programmet. Det var nokon som var urolege og hadde særs lyst til å gå i gong med arbeide med sin eigen Photostory.
Etterpå jobba elevane seg ferdig med mål-dokumentet som dei hadde laget og var klar til å starte søk etter eige emne.
Nokon elevar hadde med egne bilete og musikk som dei ville nytte til sin Photostory. Det gjekk veldig greitt å laste det over på elevane sitt område.
Kva gjekk bra?
Det var ein høveleg ro i gruppa når eg gjekk gjennom teori og funksjonane til Photostory. Elevane var flinke til å utforske dei ulike funksjonane i programmet. Eg trur at grunnen til at det vart betre denne gongen var at eg bestemte at elevene ikkje skulle ha framme datamaskinane når eg gjekk gjennom teori og funksjonar.
Kva ville eg gjort annleis?
Denne timen gjekk veldig bra, eg har ikkje noko som eg ser kunne gjort denne timen betre. Sjølvsagt kan eg seie at elevane kunne hatt litt betre tolmod med å komme i gong med eigen Photostory. Men eg veit ikkje korleis eg skulle fått til noko slikt.
Tredje økt:
Vi henta datamaskinane, elevane fekk ein kort informasjon om kva dagen skulle nyttast til. Etter dette gjekk vi i gong med å hente informasjon og bilete til Photostory.
Dette var ei økt der elevane jobba med eige opplegg utifrå sitt mål-dokument. Eg tykkjer elevane var flinke og dei jobba særs godt.
Kva gjekk bra?
Elevane var flinke til å jobbe. Det var mange som kom seg eit langt stykke vidare. Fleire av elevane nærmar seg no avslutninga av prosjektet sitt. Eg trur det gjekk bra denne gongen fordi elevane var motivert og hadde kunnskap om funksjonane til programmet.
Kva ville eg gjort annleis?
Vel, ingen ting som eg kjem på. Denne økta var god og elevane jobba godt.
Fjerde og siste økt:
Elevane skulle gjere seg heilt ferdig med Phtostoryen som dei er godt på veg med. Dette gjekk bra og dei aller fleste blei ferdige. Det var nokon som hadde problem med det datatekniske. Men det gjekk bra.
Framsyning:
Elevane skal vise arbeidet sitt til resten av klassa og vi tar ein liten samtale rundt dei ulike emna.
Vedlegg: undervisningsopplegg
Som pdf
- enro
- Eg er lærar på Rud skole i Rælingen. Her er eg kontaktlærar på 5.trinn. Eg bur i Lillestrøm og trivest med det :) Det står ein del om kva eg har vore med på på bloggen til ole.. ojrosten